Vedtekter

VEDTEKTER
FOR INTERKOMMUNAL KULTURSKOLE MELLOM
ÅSERAL, AUDNEDAL OG HÆGEBOSTAD
- vedteke av Styret for den interkommunale kulturskolen 23. juni 2015

EIGAR OG VEDTEKTENE
Vedtektene er utarbeidd iht interkommunal avtale vedteke av kommunestyrene juni 2005. Formålet med samarbeidet er å sikre best mulig musikk- og kulturskoletilbud jfr. § 13-6 i Opplæringsloven. Administrasjonen er lagt til Hægebostad kommune som har arbeidsgjevaransvar for dei tilsette i Kulturskolen.
Det utarbeides en Mål og handlingsplan for driften av KS i kvar kommunestyreperiode. Planen sendes til kommunene på høring. Styret vedtek planen.

ANSVARSFORDELING MELLOM STYRET OG VERTSKOMMUNEN

Styret har ansvar for, og skal gje føringar på følgjande område i tråd med samarbeidsavtalen og vedtektene:
 
 fagleg og kvalitetsmessige føringar og prioriteringar innafor gitte rammer
 økonomiske rammer og prioriteringar ift drift av kulturskolen
 rammer for elevoppfølging og skule heimsamarbeid (FAU, valg, referater, årshjul, brukarundersøkingar, elevsamtalar, stillingsinstruks for rektor)
 årsmelding.
 budsjett og regnskapskontroll
 skal i samarbeid med vertskommunen tilsetje og handsamelengre permisjonssøknader for rektor iht vertskommunes retningslinjer.

Vertskommunen:

 personaladministrative føringar for alle tilsette.
 personaladministrative føringar som HMS, medarbeidarsamtale, ombodsrolla (TV, VO)
 regnskaps rutiner- og reglar (revisjon og rapporteringar)
 arbeidsgjevansvar for alle tilsette (lønn, tilsetting, rekruttering, tillegg, permisjonar, handtering av personalreglementet med meir)


OPPTAK
Søknadsfristen for hovudopptaket er 1.april og opptaket skjer i mai månad.
Undervisninga følgjer ordinær skolerute for grunnskolen. Kvar undervisningstime er på 20 min. for soloundervisning og 45 min. for gruppeundervisning.
Føresetnaden for at det blir gjeve undervisning er at 4 elevar melder seg på. Samt at ein
klarer å skaffa kvalifiserte lærarar innenfor tildelte ressurser.
Elevar som søkjer innan fristen, blir førsteprioritert. Skulle det koma søkjarar etter
fristen, blir dei berre tekne opp dersom skolen har ledig plass og lærarsituasjonen gjer det
mogleg. Elevar som vert teken opp på Kulturskolen pliktar å følje det til ein kvar tid gjeldande ordensreglement.
Når eleven har fått tildelt plass etter førtsgangssøknad beholder eleven plassen inntil den sies opp (med atterhald om budsjettmessig inndekning), skriftleg innan 1. april Eleven trenger dermed ikkje å søke på nytt. Dersom tilbudet ønskes endret må eleven søke på nytt på det nye tilbudet.

BETALING
Elevkontingent og søskenmoderasjon blir fastsett som del av budsjettet i den enkelte kommune.
Skulen gjev søskenmoderasjon etter følgjande reglar dersom den einskilde kommunen har vedteke
dette:
 
a. Den eldste av søskena betaler full kontingent for sitt/sine val.
b. Eventuelle yngre søsken får rabatt på alle sine val uansett gruppe eller instrument iht
kommunale regler.
Krav på kontingent blir sendt ut av den enkelte kommune. Purregebyr følger kommunale rutiner.

OPPSEIING AV PLASS
Dersom eleven skriftleg har teke imot plassen, kan han ikkje seie opp før semesteret er
slutt. Ved særskilde grunnar (sjukdom etc) kan rektor fråvike rutinen for oppseiing av plass.
Dersom ein ynskjer å avslutte undervisning neste semester så må skulen få skrifteleg melding om
dette seinast 1. desember for avslutning til vårsemester og 1. april for avslutning til
haustsemesteret.

INSTRUMENT
Kommunane stiller gratis lokale og eigde instrument til disposisjon. Instrument som musikk- og
kulturskolen disponerer, kan lånast med heim av elevar etter nærare avtale.

UNDERVISNINGSSTAD
Undervisninga blir som hovedregel gjeven i den kommunen eleven bur og ved den skulen
eleven normalt går på. Eleven dekker sjølv reiseutgifter innan eigen kommune. I dei
høve eleven må reisa til ein annan kommune, blir kvart einskild tilfelle vurdert av
bustadkommunen etter skriftleg søknad.

INTERNKONTROLL
Den interkommunale Kulturskolen følgjer Hægebostad kommune sine rutinar for
internkontroll.
 
SAMARBEID SKULE OG BARNEHAGE
Kulturskolen samarbeider med skoler og barnehager etter nermere avtale.

FORELDREUTVALG.
Det opprettes eit foreldreutvalg beståande av ein representant frå kvar av kommunene. Desse
velges av foreldrene for eit år av gonga. De vel sjøl leiar og nestleiar.
 
FORSIKRING
Alle elever er forsikra av sin bustadkommune. Tilsette er forsikra av Hægebostad kommune.

POLITIATTEST, TEIE OG OPPLYSNINGSPLIKT
Alle tilsette leverer politiattest ved tilsetjing og underteiknar på teie- og opplysningsplikt.

ENDRING AV VEDTEKTENE
Alle endringar av vedtektene skjer av styret for den interkommunale kulturskulen.
Styret